søndag 12. mai 2013

Google Now i Noreg



Heilt sidan Google Now(/Nå) vart lansert på den norske marknaden har det vore ein heller lite brukt eigenskap på telefonen min. Eg har alltid synest at det var ein interessant eigenskap, men lite meir enn eit forsøk.

Her i Noreg får ein opp heller lite informasjon. Ein får vêrmelding og kart til jobb og avtalar. Om ein er på reise får ein opp fotomotiv i nærleiken, valutakurs om det er naudsynt og klokkeslett heime om ein er i ein annan tidssone. 


Dette er berre ein brøkdel av den informasjonen som ein får i USA.
Ganske nyleg vart eg informert om at #Ruter sine bussruter i Oslo vert informert om dersom ein vel kollektivtrafikk som standard reisemetode. Dette er ein utvikling eg er glad for, og eg håpar andre busselskap og føl same utviklinga.

Ein annan ting eg nyleg vart informert om er at ein får tilgong til mykje meir informasjon dersom ein har engelsk som systemspråk. Då får ein til dømes opp sportsresultar (dessverre ikkje frå norske lag, enno). Ein har og mogelegheiten til å bruke språksøket mykje meir. Ein aktiverer søket ved å sei "google" etterfulgt av det ein ynskjer å søkje på. Enkle spørsmål som valutakursar, enkle rekkestykke, omgjering mellom måleeiningar, kor høge bygningar eller basketspelarar er o.l. får oppleste svar frå google. Ein kan og få Google Now til å ringe kontaktane dine ved hjelp av kommandoen "call *navn*" eller lage avtalar til kalenderen med kommandoen "make appointment *kva og når*". Dette er meir slik eg forventa at Google Now skulle vere, og dette fungerer fint i Noreg og. I allefall så lenge engelskkunnskapane er gode nok. No har eg berre brukt Google Now på engelsk dei siste to dagane, men det er til gjengjeld utan konkurranse dei to dagane eg har brukt det mest, og hatt mest nytte av det.


Dette er stort sett berre mine fyrsteinntrykk av Google Now, og dei er hovudsakleg gode. Det gjev meirsmak, og eg gler meg mykje til å bruke det vidare og til å sjå den vidare utviklinga til Google Now, og endå meir korleis vidareføringa av dette i Google Glass kjem til å fungera her i Noreg.