tirsdag 2. september 2014

Mine fyrste dagar med Android Wear



Sist fredag gjekk eg til innkjøp av ei Android Wear klokke av typen LG G Watch. Den er svart, relativt rektangulær med avrunda kantar og har grått gummiband. Mange har "klaga" på dette designet, og har sett den (og evt. Samsung Gear Live) til side for å vente på den svært mykje meir klokkete og "high-end-design" Moto360. Eg sjølv hadde og tenkt til det, men etter planen tenkte eg at dersom det var mogeleg at eg skulle ha to. Ei Moto360 til "finare" lag, dvs. til vanlege klede og finare klede, og ei LG til trening og liknande.
No har eg då gått til anskaffelse av sistnemnde, sjølv om planen eigentleg var å gjere det motsett veg. Og her er mitt inntrykk etter 4 dagar med den.


Klokka i seg sjølv liker eg særs godt. Den ser riktig nok ikkje ut som ei klokke, men det føler eg heller ikkje er naudsynt med eit slikt produkt. For min del er det heilt greit at det er mogeleg å sjå at det ikkje er ei vanleg klokke eg har på armen. Dette er ei smartklokke med ein LCD-skjerm, då er det heilt greit for meg at den og ser ut som det. Eg kan forstå at ein del ikkje ser på det på same vis, og ynskjer noko litt meir subtilt, og det er eg og delvis einig i, spesielt dersom ein skal bruke den saman med "finare" klede.



Mange har og klaga på bandet som føl med, personleg likar eg det og svært godt. Det er ein kul matt gråfarge, og materialet er svært mjukt. Fordelen her er jo og at den bruker vanleg klokke metode for å feste band, så her kan det bytast ut alt ein orker utan å måtte støtte seg til det klokkeprodusenten kjem med.

I bruk har den ført til at eg tek opp telefonen mykje skjeldnare enn det eg gjorde før. Spesielt med tanke på varsel frå telefon og for å sjekke kva klokka er. Å få vibrasjonsalarmar på armen når det er noko, anten det er varsel frå appar, faktiske alarmar eller tidtaking er veldig mykje meir behagelig enn hylande telefonar. Eg slepp å ta opp telefonen for å sjekke notat som t.d. handleliste, noko eg likar særs godt t.d. på butikken. Spesielt saman med trilling av handlevogn så er det greit å sleppe å ha telefonen i handa. Det einaste eg har å klage på der er at eg synest klokka kunne haldt seg "vaken" når ein var inne på eit Google Keep notat over lengre tid, noko andre appar som t.d. allthecooks gjer. Men det er vel meir ein klage mot Keep og ikkje sjølve klokka. Det kan og henda at Evernote (som er den andre notat-appen som har Wear-støtte) gjer dette, men det har eg ikkje prøvd.


Ein annan ting mange har tenkt på er korleis den oppfører seg i direkte dagslys. Sjølv bruker eg den med skjermen alltid på og omlag 50% lysstyrke, dvs. at det alltid står noko på skjermen, men når den ikkje er i bruk er det kvit skrift på svart bakgrunn. Slik som det er det ganske vanskeleg å sjå kva som står på klokka i direkte sollys. Men i vaken tilstand har ikkje eg hatt noko problem med å sjå kva som står.





I natt testa eg den saman med Sleep as Android, noko som såg ut til å virke fint. Klokka var brukt til å registrere kva som hendte ila. natta og den vekka meg med vibrasjonsalarm. For min del er eg meir komfortabel med å ha ein slik på armen, enn å ha telefonen liggande i senga. Så det var jo veldig greit. Einaste i forhold til dette er at det er greit å skru av varsel og "alltid-på-skjerm" når ein søv, noko eg gløymte i natt, som førte til at eg vart vekka at eit varsel i halv 5 tida.


Når det gjeld batteritid ser det ut til at den held omlag 1.5 dag. Men slik eg har gjort det, legg eg den på lading ei lita stund på kvelden (medan eg les) før eg tek den på att når eg søv. Med det lademønsteret er det framleis litt batteri att når neste kveld kjem, og eg får nytta meg av eigenskapane den har både om dagen og natta.


I forhold til at dette er eit fyrstegenerasjonsprodukt har eg ein særs positiv følelse. Det fungerer saumlaust, og eg kan ikkje sei at eg har hatt noko problem med den (bortsett frå at eg dei fyrste dagane ikkje fekk den til å styre musikk, men dette var årsaka av appen som skulle styre headsetet mitt).
Det er nok i fyrsteomgang eit produkt for spesielt interesserte, men eg ser ei lys framtid for smartklokker og liknande produkt.