lørdag 27. oktober 2012

Looper

Eit kort, kjapt og forsinka innlegg om Looper. 
Ein boltretur i framtida og framtidas framtids tidsreising.


(Bilete frå http://bit.ly/Rb731M)


Ein del år etter framtida (ja, i framtida si framtid) er tidsreise oppfunne, men ulovleg. Dei einaste som bruker det er organiserte kriminelle. Og dei brukar det berre til å kvitte seg med folk, då det er så godt som umogeleg å kvitte segmedlik i framtida.. Til dette har dei såkalla loopers som lev i fortida. Dei kriminelle sender offeret tilbake i tid,og looperen drep dei og kvittar seg med liket. Looperen skal drepe offeret sitt uansett, sjølv om det likegjerne kan vere han sjølv som sit framfor han.
Dette er då det filmen speler på. Hovudpersonen Joe (Joseph Gordon-Levitt) må drepe sitt eldre sjølv (Bruce Willis), noko som sjølvsagt ikkje går som planlagt. Dette fører vidare til ei heidundranes jakt for den unge Joe til å finne og drepe sitt eldre sjølv..

Samtidig har og den eldre Joe ein plan å gjennomføre i fortida. Dette er noko av det filmen speler mest på, altså korleis endringar i fortida har innverknad på framtida. Og korleis ein kan endre si eiga framtid ved å endre si eiga fortid.


(Bilete frå http://bitly.com/SOPbzG)


Alt i alt er ein ganske enkel film, med ei mindre kompleks historie. Eg skal difor ikkje røpe noko meir.


Men det er ein god film. Forteljingsmetodane er bra og dei har gjort gode valg med utsjånaden på framtida, der USA er vorte eit nedbrote samfunn med store samfunnsskilje, medan Kina er vorte eit moderne teknologisk land (dette er og noko som vert kommentert og vitsa med i filmen).


Personleg kunne eg tenkt meg litt meir fokus på sjølve tidsreisa, kanskje forklart litt meir om korleis det fungerer, og kvifor det er naudsynt. Men det er forståeleg at dei ikkje har gjort det (sidan tidsreise er ganske ubegripeleg).


Men eg likar at dei har lagt litt fokus på at du kan endre framtida di sjølv om du veit kva den inneber (framtida er ikkje bestemt sjølv om den virkar som om den er det)

Anbefalast, terningkast 5.

søndag 30. september 2012

Sackboy inntar Vita!


(Bilete henta frå http://bit.ly/UAaksT)

Det nyaste tilskotet på PSVita si spelliste er velkjende LittleBigPlanet (LBP). For dei fleste kjenner vel til denne fantastiske spelserien. Anten dei har spelt den eller ikkje, men om du har ein PS3 er det vel stort sannsyn for at du har vore borti dette underverket.

Men om du ikkje har det, så kan eg vel forklare det grunnleggjande. Du spelar som Sackboy (eller Sackgirl om du vil) ei lita strikka, sydd eller på andre måtar samansett dokke, i ei tredimensjonal 2d-verd. Ein har altså tredimensjonale figurar, som ein alltid ser frå sida, og ein kan berre bevege seg på 3 stadier innover i skjermen. Og så skal ein kome seg gjennom ulike banar på ulike måtar, helst utan å døy, og plukke med seg poengbobler, klistremerke og kostymer medan ein sjølvsagt føl ei historie. Som svært ofte handlar om å redde verda.

Og no har altså Sackboy kome seg inn på Vita og. Men denne gongen er ikkje spelet utvikla av oppfinnarane i MediaMolecule. Men derimot dei tre utviklarane Double Eleven, Tarsier Studios og Sony XDev Europe. Men ikkje ver redd for det! Dei har så absolutt gjort ein ekstremt god jobb! Nesten ein så god jobb at et vil våga meg å gå så langt som å kåra dette til det beste spelet på Vita til dags dato (vel og merka utan å ha spelt alt).

(Bilete frå http://bit.ly/SrJzJz)

Men over til spelet. Starten på LBP Vita var litt tung. Personleg var eg alt for vane med å spela LBP på storskjerm, og som oftast med ein medspelar eller tre. Det å plutseleg farte rundt som Sackboy aleine, med ein liten touchskjerm i tillegg til touchpad og gyrometer var difor særs uvant for min del. Men når eg etter litt speling var blitt vane med formatet og kontrollane viste dette underverket seg i all si prakt! For ja, det er faktisk eit underverk,

I denne utgåva held ein seg ikkje til den vanlege LittleBigPlanet, men er i staden på ein nyoppfunnen planet, Karnevalia, ein omreisande tivoliplanet som reiser rundt for å spreie glede i universet. Men det har seg slik at det ikkje lenger er nokon glede å finna her, då den grusomme Dukkemesteren har teke over heile planeten, og prøver å utrydde gleda og fantasien i verda. Dette skal sjølvsagt du, som Sackboy, ordne opp i. Og for eit eventyr det viser seg å vera. Eit svært mørkt eventyr. Utan tvil den mørkaste historia i serien, det har nesten tendensar til horror over seg. Og eg trur at det er ein del mindre born som kanskje kan verta litt skremde av litt av kvart i dette spelet.

Men størstedelen av spelet er lys og fin, og ein fartar av garde, rullande, symjande, flygande, springande, slengande og hoppande. For det meste styrer ein på same velkjende vis som i PS3 utgåvene, men med Vita sin touchskjerm og touchpad kan ein denne gongen og gripe inn i verda. Blå klossar skal trykkast og dras på, medan grøne klossar skal trykkast ut ved hjelp av touchpaden. Dette følest litt rart og uvant ut i starten, men når ein først vert vane med det fungerer det veldig bra! Sannsynlegvis dei beste bruksområdene av denne teknologien til dags dato i eit Vita-spel.

(Bilete frå http://bit.ly/StY3Ey)

No har eg ikkje noko ønske om å fortelja noko serleg om historia i spelet, for dette må opplevast! Men når dei fantastiske historiebanane tar slutt er det så absolutt ikkje over! For på Vita har ein faktisk fått full LBP pakke (i motsetning til på PSP der det berre var historiemodus) har ein her og fått skaparmodusen. Og det er her LBP verkeleg skin! Om du er kreativ og likar å skape, er dette spelet for deg!  Og med alle mogelegheitene som Vita har opnar det seg eit mangfald av nye måtar å utnytte skaparverktya på. Ein kan teikne banar rett inn ved hjelp av touchskjermen, og ein kan utnytte alt Vita har å by på.

Mangfaldet av spelmodusar og settingar er utømeleg, og det kjem berre til å auke i innhald. Folk i verda har ein heilt utruleg fantasi, og eg elskar det. Personleg har eg aldri vore ein skapar på LBP, men eg har spelt gjennom min del av andre sine skaparverk, og kjem nok til å halde fram med det.

Til slutt vil eg berre sei ein ting; Elsk på skaparverka, og elsk på LittleBigPlanet Vita!

Kos dykk!

mandag 17. september 2012

The VITA has landed




Ny teknologi i heimen.

"A small price for me, a giant leap for my handheld gaming experience" - fritt etter Neil Armstrong

Har endelig investert i ein PlayStation Vita! Etter langt om lenge og lenger en langt har eg fått meg til å bruke pengar på denne fantastiske maskina. For ja, den er faktisk ganske så fantastisk! Meir enn eg hadde trudd eigentleg. Har haldt litt auge med det komande spelet Assassin’s Creed III: Liberation. Og planen var eigentleg å kjøpe når dette kom ut, men no kunne eg ikkje dy meg lengre. Om nokre dagar kjem LittleBigPlanet Vita ut, og etter det eg har sett av trailerar, utviklardagbøker, intervju og no i det siste anmeldelsar vert dette så absolutt eit spel å få med seg!

Touch-paden på baksida

Men tilbake til sjølve maskina. Som du sikkert veit er den proppa full i alt av den nyaste teknologien; touch-skjerm framme, touch-pad bak, bevegelsessensor (sixaxis slik som i PS3 kontrollane), og to analogstikker. I tillegg til kamera både framme og bak. Dette kan kanskje for nokon virke som litt for mykje av det gode, men brukt riktig er det svært bra.

Eg har no hatt Vitaen i 3 dagar, og har brukt den ein del kvar dag. Har spelt i gjennom eit stor spel (Uncharted: Golden Abyss) i tillegg til å ha testa ein del demoar og spilt litt andre mindre spel. Og første inntrykket er veldig bra! Sjølv om det verkar på med som at utviklarane kanskje har hatt litt for stort ønske om å utnytte alle eigenskapane på ein gong (slik som det og var då PS3 kom ut). Fleire av bruksområdene følest dessverre litt påtvungne.

Det nye menysystemet


Men det som skuffar mest er det nye menysystemet. Det er litt merkeleg, med sitt 3-4-3 oppsett av store bobler. Det hadde kanskje vore ein ide å tatt litt inspirasjon frå andre touch-grensesnitt og heller brukt eit meir normalt 5-5-5 oppsett av "firekanta" symbol slik som på smarttelefonar og tablets (evt. tatt vare på den gamle CrossMediaBar). Men dette er jo uansett berre ein bagatell. Det er jo uansett ikkje i menyen ein brukar tida si på Vita.


Vita har dessverre fått ein litt røff start på marknaden. Men ein påstått litt for stiv pris, noko som er å overdrive. 2000 kr (no heilt ned i 1700) er ikkje spesielt mykje for ein slik konsoll. Nintendo sin 3DS XL kostar ca. det same, og PSP kosta 3000 då den kom ut. Og med all den krafta og eigenskapane ein får med Vita synest eg ikkje at 2000 kr er for mykje å be om.





Det som etter alt sannsyn er har haldt tilbake majoriteten av kjøparar er mangelen på spel. Og då spesielt på store lanseringstitlar i tillegg til lange ventetider på mange av dei store merkevarene (som LittleBigPlanet, Killzone. I tillegg til andre ikkje annonserte titlar som Ratchet and Clank, God of War med meir). Men no som det begynner å komme litt i tillegg til fleire store titlar i nær framtid, burde (og trur eg) at salet kjem til å stige, og det er absolutt fortent! For PSVita er utan tvil den beste berbare konsollen på marknaden i dag.

Saman med PS3 trur eg og Vita blir eit supert lag. Med CrossPlay (same spel på PS3 og Vita på same save), og RemotePlay (denne gongen slik at ein faktisk kan streame spel frå PS3 til Vita). Dette laget kan nok for mange vere eit vel så godt alternativ som den komande WiiU, sidan mange allereie har PS3 i stova og kanskje ikkje har ønske om å investere i nok ein konsoll til å ha i heimen. Med Vita og PS3 får ein i både pose og sekk, ein får spel-streaming og ein super berbar konsoll til dei lengre turane ute i den verkelege verda!

Skaff deg Vita, og nyt!
Play the world!

torsdag 13. september 2012

Lawless


(Rettigheitane til biletet tilhøyrer The Weinstein Company. (Biletet henta frå http://bit.ly/Otb9qk)

Bygdemafiaen slår til!

Etter å ha sett traileren til Lawless visste eg at dette var noko eg berre måtte få med meg! Så etter Kon-Tiki i førigårs bar det nesten rett vidare på ovannemnte film, og for ein film!
Handlinga i filmen er lagt til alkoholforbodstida i USA, nærare bestemt Franklin County, Virginia. Og omhandlar dei tre brørne Forrest (Tom Hardy), Howard (Jason Clarke) og Jack (Shia LaBeouf) Bondurant. Som då driv storskalaproduksjon og distribusjon av godt gamaldags heimebrent, eller moonshine, som det heiter der borte i statane. Dei har til og med ordna seg avtalar med det lokale politiet, så ikkje noko problem der.

Dette går vel og bra, heilt til storbykaren Spesialagent Charlie Rakes (Guy Pearce) kjem til bygda. (Ja, eg veit det verkar som ei ganske uoriginal oppskrift, men det fungerer!) Forrest Bondurant er den einaste av heimebrennarane som ikkje vil føye seg etter ønskja til Mr. HøgpåstråDrittsekkSpesialagent, noko som sjølvsagt skapar problem. Og her startar den eine hovuddelen av historia i filmen, konflikten mellom Forrest og Rakes som og går ut over resten av Bondurant-brørne og alle andre som har noko med dei å gjere.

Den andre hovuddelen av historia handlar om Jack, yngstebroren, den rolegare og meir omtenksame i familien. Som berre har ønske om å vere ein av dei tøffe karane, og vise brørne sine at han og dug til noko, og kan vere slik som dei. Så når broren Forrest blir skada tar Jack over heimebrent geskjeften, utan løyve så klart. Og herifrå stig standarden drastisk! Frå no av er det berre kule bilar og stilfulle klede som tel for Jack, etter inspirasjon av den fantastisk kule mafiabossen Floyd Banner, spela av Gary Oldman. Hovudgrunnen til Jack sitt stilskiftet er sjølvsagt ei jente, prestedottera Bertha (Mia Wasikowska). Noko som ikkje er spesielt enkelt, som eit medlem av bygda sin «verste» familie. Men han prøver no så godt han kan (både med og utan alkohol innanbords).

(Bilete frå http://bit.ly/Ps3l3N)


Meir enn dette vil eg ikkje røpe om historia, men eg ynskjer å rette ein spesiell oppmerksamheit til rolla til Tom Hardy, Forrest Bondurant. For ei rolle! For ei tolking! Dette er utan tvil den beste karakteren i filmen. Den litt inneslutta og særs kortfatta Forrest passar Hardy som hand i hanske. Han er stille, gryntande og rar, og skapar så godt som alle dei humoristiske scenane i filmen. Og dei er verkeleg bra! Dei fantastiske gryntande utsegnene er perfekte som svar og innvending på ei rekke spørsmål og hendingar i filmen, og for nokre scenar dei skaper. Du kan berre glede deg!

Eit klart terningkast 5.

onsdag 12. september 2012

Kon-Tiki


(Foto: Carl Christian Raabe/Nordisk Film Distribusjon. (Bilete henta frå http://www.kon-tiki.no/KTfilm_fakta_eng.php))

Kon-Tiki handlar naturleg nok om den (vil eg tru) velkjende historia om Thor Heyerdahl og kompani si ferd over Stillehavet, frå Sør-Amerika (nærare bestemt Peru) til Polynesia. Men denne gangen er det ingen dokumentar som er blitt laga, men derimot ein «fullblods actionfilm», delvis, laust basert på den originale historia. Noko som og er det filmskaparane har fått litt refs for i det siste.

Filmen startar bra, med ein god skildring av kor lite tru det akademiske miljøet hadde i teoriane til Heyerdahl. Etter ein del styr med å skaffe pengar, noko han ikkje får til, går han rett og slett i gong med å skaffe mannskap og bygge flåte. Og set etterkvart ut på ferda. Noko som heller ikkje viser seg å gå som planlagt.
Den drastisk endra Watzinger (Anders Baasmo Christiansen) skapar problem om bord, både mellom manskapet, og med eit svært unødvendig angrep på ein veldig stor og rask (men godt animert) kvalhai. Denne og fleire scenar gjorde berre at eg sat igjen og lurte på om Watzinger verkeleg var slik, hadde han så lite tru på dette prosjektet (noko som verkar lite truleg).

(Foto: Carl Christian Raabe/Nordisk Film Distribusjon (bilete henta frå http://bit.ly/RN3q6S))


I tillegg må eg nemne den litt overdrivne bruken av svært store kvithaiar. Var dette den einaste arten dei møtte på, var dei verkeleg så store? Og ikkje minst, vart dei lokka til flåten av eit brutalt hai-mord om bord? Nei, ikkje veit eg, men spanande var det. Sjølv om dei kanskje kunne ha halvvert talet på hai utan å minske spenninga nemneverdig.

No virka eg kanskje litt negativ, men det er ikkje heilt meininga. Alt i alt er det jo ein ganske bra film. Den er jo underhaldande, og det er jo faktisk det som er meininga. Så den er så absolutt vert å sjå. Berre hugs på at det ikkje er ein dokumentar du sit og ser!
Første ordentlege blogginnlegg skal no avsluttast, og første film ut vert rulla inn på bloggen med eit terningkast 4. Takk for denne gong!

PS. Kjære filmskaparar, ikkje lag scenar som virkar som om dei er avslutningsscene når dei faktisk ikkje er det! (Om du ikkje har sett filmen trur eg nok du forstår kva for ein scene eg siktar til når du gjer det. Og har du sett den, så håpar eg at du skjøner kva scene eg meiner)

Today's the day

Då var altså dagen komen, og eg har krøpe til korset og laga meg ein blogg.
Det heile starta med ein ide eg fekk då eg var på kino i går. Kva med å laga ein filmblogg? Ja, det finst tusenvis av dei der ute. Men det gjer jo ikkje noko å prøve. No har eg riktig nok endra konseptet litt, og gjort det om til ein blogg om litt fleire ting enn berre film, nemlig popkultur. Eller i all hovudsak, film, spel og tv-seriar. Og kanskje litt teknologiprat av og til.

Skal etter planen prøve å skrive noko kvar gong eg ser ein ny film, ny tv-serie (eller ny sesong av ein tv-serie), speler eit nytt spel eller går til anskaffelse av ei teknologisk nyvinning.

Så då får me sjå korleis det går ;)