søndag 10. mars 2013

YouTube på PlayStation 3

Bilete henta frå PlayStation Blog EU


I USA har dei i lengre tid hatt tilgong til YouTube gjennom ein eigen dedikert app, medan me her i europa har måtta ta til takke med fantastisk dårlege YouTube XXL via nettlesaren (ein spesialutforma YouTube-klient for PS3 med dårleg søk og dårleg oppløysing). For nokre veker sidan gjekk SCEE (Sony Computer Entertainment Europe) ut med pressemelding om at dedikert YouTube-app skulle kome til europeiske PS3ar, men, dette gjaldt sjølvsagt ikkje Noreg. Men til mi store overrasking tok det ikkje lange tida før den kom.

Etter å ha lasta den ned i førigårs har den vorte flittig brukt i heimen.
Fyrsteinntrykket er veldig bra! Det ser flott ut, oppløysinga på videoane er bra og det same gjeld utforminga. Etter å ha godkjent tilgong til YouTube-kontoen din er det svært lett å få tilgong til abonnementa dine, både som enkelt kanalar og i ei samla side over det siste som er lagt ut av dei du føl.
Det er og ei fane for forslag til kva du kan sjå, dette fungerer på same måten som på nett, og vert heller lite brukt av meg personleg.

Menyen (bilete henta frå pcmag.com)


Søkefunksjonen er noko tungvint. Det fungerer omlag på same måten som det nye søket i PlayStation Store og Netflix-appen, altså at du vel ein og ein bokstav i staden for å skive. Eit pluss i YouTube er at du kan bruka smarttelefon eller tablet til å søka med, dersom du registrerer den. Dette fungerer greit, men eg hadde likt om det gjekk an å bruka YouTube-appen på telefonen/tableten i staden for å måtte gå via nettlesar.

Ein ting som  manglar er spelelister, og det er eit litt sårt savn. Dersom du føl ein serie med videoar (slik som til dømes ein "Let's play" av PewDiePie) må du finne neste video på eigahand.
Det den dog gjer er å spela av førre video i rekkja frå kanalen du ser på. Kvifor den går bakover veit eg ikkje, men dette er sikkert noko som er mogeleg å endra på.
Det er uansett veldig lett å finne ny video medan ein annan video vert spelt av, då du får tilgong til ein gjennomsiktig versjon av menyen ved å trykke ned-knappen.

Alt i alt er eg svært nøgd, og med YouTube på TVen har eg personleg sett svært mange fleire videoar no enn eg plar gjere. Dersom ein etterkvart og får tilgong til spelelister, og styring via telefon/tablet  vert enklare så er denne appen ein klar vinnar, det er den forsåvidt allereie, men ein vinnar kan og verte betre.

MrS