tirsdag 2. september 2014

Mine fyrste dagar med Android Wear



Sist fredag gjekk eg til innkjøp av ei Android Wear klokke av typen LG G Watch. Den er svart, relativt rektangulær med avrunda kantar og har grått gummiband. Mange har "klaga" på dette designet, og har sett den (og evt. Samsung Gear Live) til side for å vente på den svært mykje meir klokkete og "high-end-design" Moto360. Eg sjølv hadde og tenkt til det, men etter planen tenkte eg at dersom det var mogeleg at eg skulle ha to. Ei Moto360 til "finare" lag, dvs. til vanlege klede og finare klede, og ei LG til trening og liknande.
No har eg då gått til anskaffelse av sistnemnde, sjølv om planen eigentleg var å gjere det motsett veg. Og her er mitt inntrykk etter 4 dagar med den.


Klokka i seg sjølv liker eg særs godt. Den ser riktig nok ikkje ut som ei klokke, men det føler eg heller ikkje er naudsynt med eit slikt produkt. For min del er det heilt greit at det er mogeleg å sjå at det ikkje er ei vanleg klokke eg har på armen. Dette er ei smartklokke med ein LCD-skjerm, då er det heilt greit for meg at den og ser ut som det. Eg kan forstå at ein del ikkje ser på det på same vis, og ynskjer noko litt meir subtilt, og det er eg og delvis einig i, spesielt dersom ein skal bruke den saman med "finare" klede.



Mange har og klaga på bandet som føl med, personleg likar eg det og svært godt. Det er ein kul matt gråfarge, og materialet er svært mjukt. Fordelen her er jo og at den bruker vanleg klokke metode for å feste band, så her kan det bytast ut alt ein orker utan å måtte støtte seg til det klokkeprodusenten kjem med.

I bruk har den ført til at eg tek opp telefonen mykje skjeldnare enn det eg gjorde før. Spesielt med tanke på varsel frå telefon og for å sjekke kva klokka er. Å få vibrasjonsalarmar på armen når det er noko, anten det er varsel frå appar, faktiske alarmar eller tidtaking er veldig mykje meir behagelig enn hylande telefonar. Eg slepp å ta opp telefonen for å sjekke notat som t.d. handleliste, noko eg likar særs godt t.d. på butikken. Spesielt saman med trilling av handlevogn så er det greit å sleppe å ha telefonen i handa. Det einaste eg har å klage på der er at eg synest klokka kunne haldt seg "vaken" når ein var inne på eit Google Keep notat over lengre tid, noko andre appar som t.d. allthecooks gjer. Men det er vel meir ein klage mot Keep og ikkje sjølve klokka. Det kan og henda at Evernote (som er den andre notat-appen som har Wear-støtte) gjer dette, men det har eg ikkje prøvd.


Ein annan ting mange har tenkt på er korleis den oppfører seg i direkte dagslys. Sjølv bruker eg den med skjermen alltid på og omlag 50% lysstyrke, dvs. at det alltid står noko på skjermen, men når den ikkje er i bruk er det kvit skrift på svart bakgrunn. Slik som det er det ganske vanskeleg å sjå kva som står på klokka i direkte sollys. Men i vaken tilstand har ikkje eg hatt noko problem med å sjå kva som står.





I natt testa eg den saman med Sleep as Android, noko som såg ut til å virke fint. Klokka var brukt til å registrere kva som hendte ila. natta og den vekka meg med vibrasjonsalarm. For min del er eg meir komfortabel med å ha ein slik på armen, enn å ha telefonen liggande i senga. Så det var jo veldig greit. Einaste i forhold til dette er at det er greit å skru av varsel og "alltid-på-skjerm" når ein søv, noko eg gløymte i natt, som førte til at eg vart vekka at eit varsel i halv 5 tida.


Når det gjeld batteritid ser det ut til at den held omlag 1.5 dag. Men slik eg har gjort det, legg eg den på lading ei lita stund på kvelden (medan eg les) før eg tek den på att når eg søv. Med det lademønsteret er det framleis litt batteri att når neste kveld kjem, og eg får nytta meg av eigenskapane den har både om dagen og natta.


I forhold til at dette er eit fyrstegenerasjonsprodukt har eg ein særs positiv følelse. Det fungerer saumlaust, og eg kan ikkje sei at eg har hatt noko problem med den (bortsett frå at eg dei fyrste dagane ikkje fekk den til å styre musikk, men dette var årsaka av appen som skulle styre headsetet mitt).
Det er nok i fyrsteomgang eit produkt for spesielt interesserte, men eg ser ei lys framtid for smartklokker og liknande produkt.

torsdag 1. mai 2014

Min fyrste månad med Chromebook



For omlag halvannan månad sidan mottok eg min HP Chromebook 14. Dette var fyrste gongen eg var borti ChromeOS, sjølv om eg har haldt eit auge med det heilt sidan det fyrst vart lansert og lenge vurdert å kjøpe.
Då eg relativt tilfeldig oppdaga at Multicom hadde tatt inn nokre Chromebook 14, heiv eg meg rundt og bestilte.

Det fyrste som slo meg då eg opna boksen var at maskina i seg sjølv synest er svært flott. Maskina eg kjøpte er matt kvit, men den finst og i ei rosaraud og ei turkis utgåve. Sjølve plastiken følest litt ru ut, og i mine auge føles og ser den betre ut enn andre plastikmaskiner eg tidlegare har vore borti, og i mine auge ser den ikkje spesielt billig ut (sjølv om den har ein prislapp på kun 3000 kr). Det einaste eg kan klage på på byggkvaliteten er at loket på maskina gir litt etter om den får litt trykk på seg, men etter å ikkje ha hatt "plast-laptop" på nokre år kan eg ikkje uttale meg om det er normalt med det materialet (sjølv om eg trur det er det).


Når du skrur på maskina for fyrste gong tek det berre nokre sekund før du vert møtt av ein innloggingskjerm, her skriv du inn gmail-adressa di og google-passordet, og så er du i gang. Dersom du har brukt Chrome nettlesaren før, og har installert utvidelsar vert desse automatisk installert på Chromebooken (på same vis som fyrste gong ein loggar inn i ein ny Chrome nettlesar). Sidan eg viste at Chromebooken var på veg tenkte eg i tida før eg fekk den igjennom ein del ting eg kunne få bruk for når eg fekk den, og installerte desse frå Chrome Webstore i nettlesaren min.
For å sei det slik, dette var den raskaste og enklaste installasjonen eg har hatt med ein ny data!

Så, over til eigenskapane. Som sikkert mange veit er ChromeOS (operativsystemet på Chromebook og Chromebox) basert på same prosjekt som Chrome-nettlesaren , Chromium, og baserer seg i på at "alt" som vert gjort på PCen hender på internett. På sett og vis er ChromeOS berre ein nettlesar (sjølv om det utviklar seg heile tida, og etterkvart kan gjere ganske mykje meir enn å berre vere på nett), og dette er både Chromebook sin sterkaste eigenskap og største svakheit.
Så lenge ein er kopla til eit nettverk er dette ikkje noko problem, og eg sjølv tenkjer nesten ikkje over det i det heile. Det einaste eg har tatt meg sjølv i å sakne av og til er å ha program i eigne vindauge, men det kan sjølvsagt løysast med å dra ut faner som eigne vindauge.



Ein kan ikkje installere program på ChromeOS slik ein har for vane å gjere på andre operativsystem, men tileignar seg nye eigenskapar ved innstallasjon av utvidingar frå Chrome Webstore eller ved å berre finne nettsider med tenestene ein ynskjer. Webstore er særs oversiktleg, og det er lett å finne det ein leiter etter, anten ved direkte søk eller ved å sjå i kategoriar ein er interessert i. Eg har sjølv enno ikkje hatt noko problem med å finne ChromeOS-alternativ til tenester eg har pleid å bruke på andre operativsystem.

Det einaste problemet eg har møtt på så langt, var no i påska, då eg var utan nettilgong og ville ha ein film frå min Android-tablet (Nexus 7) over på Chromebook. Ved direkte tilkopling med leidning hendte det "ingenting", den lada, men kom ikkje opp i filhandsamaren. Sidan det var ei relativt stor fil var det heller ikkje så lett å få den overført på andre måtar heller, noko som førte til at eg etterkvart gav opp.
Bortsett frå den opplevinga, er det ei heilt fantastisk maskin. Den er ekstremt raskt klar når du skrur den på, og den gjer så godt som alt ein vanleg forbrukar treng (inkl. bilde og videoredigering via tenester på nett).



Når det gjeld det som kan gjerast utan nettilkopling så vert det og berre meir og meir. Slik det er no, kan ein skrive e-postar (etter å ha aktivert offline gmail) og dokument og om ein har mediefiler lagra på maskina kan dei spelast av i tillegg til mykje anna som eg ikkje har sett meg inn i.
Alt av offline-utvidelsar ligg i ein eigen avdeling i Chrome Webstore, så det er ikkje vanskeleg å finne ut kva ein vil ha.

For å runde av kan eg iallefall sei at eg er svært(!) nøgd med den, og gler meg til å sjå utviklinga vidare.
I tillegg kan det jo nemnast at det er mange rykter om at ChromeOS vert offisielt lansert her i landet i denne månaden, så om du, som meg, har tenkt på det ei stund, vil eg tru at tida snart er inne.

Surf on!
Gaute

onsdag 19. mars 2014

Blog reboot: Veka i Google, sett frå Noreg.


Det er berre onsdag, men det har allereie klart å hende svært mykje denne veka med tanke på Google i Noreg.

For meg personleg fekk eg i dag min fyrste Chromebook, ein HP Chromebook 14 (nordisk, frå Multicom) som eg må sei at eg så langt er utruleg nøgd med. Tidenes enklaste oppstart og "installasjon", mykje grunna at eg allereie hadde dei fleste av appane eg treng installert i Chrome-nettlesaren min.

Men det er ikkje berre i mi verd at det har hendt noko på Google-fronten.
Måndag kveld denne veka gjekk Google ut og lanserte Google Play Music og Movies i ein god del nye land, deriblant Noreg. Personleg har eg vore brukar av Google Play Music heilt sidan det kom ut i USA som ein teneste der ein kan laste opp sin private musikk, for så å kunne strømme den til alle sine ulike einheiter. Men no som det er offisiellt lansert er det og mogeleg (utan fiksing og triksing) å få tilgong til tenesta kalla Full tilgang (All access) som fungerer meir eller mindre nøyaktig som spotify og wimp o.l. Altså ein abonnementsteneste der ein ved å betale ein fast sum i månaden får tilgong til fri strømming av eit stort bibliotek av album og låtar. På same tid fekk me og tilgong til musikkbutikken til Google, som då er vanleg kjøp av mp3-filer på same vis som har vore mogeleg via iTunes, wimp og spotify i lengre tid.

Google Play Movies er då naturleg nok Google sin
filmbutikk og filmutleigeteneste. Her kan ein både leige og kjøpe filmar til bruk på alle sine ulike einheiter. Det er greit å merke seg at det her ikkje er noko abonnementsteneste (ala Netflix), men kun utleige og kjøp, til ein nokså stiv pris.
Vanleg for HD film er 149 for kjøp og 49 for leige i 48 timar. Noko som jo kanskje ikkje er så gale om ein samanliknar med fysisk leige frå tidlegare tider, men som nok er litt i stivaste laget i dagens samfunn.

Den store nyheita frå i går var lanseringa av Android Wear (AW). Dett er rett og slett vidareføringa av Android til dei nye wearable tech-tinga som er spådd å kome i store mengdar framover. I fyrste omgang vert dette smartklokker, altså armbandsurforma einheiter som er meint til å ha på armen, som skal fore deg med tid og alt av informasjon som ein så langt har brukt smarttelefonen sin til å få. Slike einheiter er heller ikkje meint til å brukast aleine, men som ein forlenging av nettopp smarttelfonen som ein jo uansett har i lomma.

Moto 360
AW ser ut til å vere basert på Google Nå og Google sitt "Glass-skin" til Android, og fyrsteinntrykket er at det er særs enkelt og greit å bruke, og gir deg den informasjonen den trur du treng der og då. I samband med dette gjekk og Motorola og LG ut og viste sine fyrste smartklokker, Motorola med sin Moto 360 og LG med si G Watch. Der Moto ser meir ut som ei tradisjonell rund klokke, som frir litt til dei meir tradisjonelle, og LG si er firekanta og minner meir eller mindre om dei smartklokkene som allereie er på marknaden.

Chromecast (slik det såg ut før siste oppdatering)
Den siste store nyheita på Google-fronten i Noreg denne veka er den offisielle lanseringa av Chromecast, altså Google sin lille TV-dings, som ein koplar direkte i HDMI porten på TV-en sin. Denne opnar opp for direktevisning av YouTube, Netflix, Google Play Movies og fleire andre lyd og bilete tenester. Denne styrer ein då med sin smarttelefon, tablet eller datamaskin, for så å sende det til Chromecast vha. ein liten knapp i appen eller videoen ein ønsker å sjå. I siste veke (?) vart det og mogeleg å sende kompatible videoar frå vanlege nettsider, noko eg likte veldig godt.
Utifrå lanseringa av dei nye Google Play-tenesten tidlegare denne veka, var ikkje dette særleg uventa, men eg må innrømme at eg vart positivt overraska av at det gjekk såpass fort.

No er det ikkje så mykje att før me sit her med ein full Google pakke her i landet og. Våre næraste naboar i aust og sør fekk i dag Google sin einheitsbutikk (Google Play Devices) og det er nok ikkje alt for lenge før den dukkar opp her på berget og. Kanskje i samband med den venta lanseringa av Chrombooks(+Chromebox?) rundt mai?

No skal eg kosa meg med Thomas & Thomas show etterfulgt av Motorola sin Hangout om Moto 360, som eg ikkje fekk sett tidlegare i dag, medan eg et ein alt for sein middag.
Takk for no, og ha ein god kveld vidare.