Viser innlegg med etiketten chrome. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten chrome. Vis alle innlegg
mandag 11. mai 2015
Klar for Google IO 2015
Google sin årlege utviklarkonferanse IO nærmar seg med stormskritt, og den 28. mai brakar det heile laus i Moscone Center i San Francisco.
Som vanleg er det mange rykter som begynner å svirra på denne tida. Kva kan me venta å sjå i år, kva vil dei snakka om og fokusera på, vil dei lansera noko nytt? Og mykje anna i samme banar.
Etter ein noko stusseleg "opening keynote" i fjor, sett med forbrukarauge, venter ikkje eg at mykje kjem til å ha endra seg i år. Det vert nok i år som i fjor fokus på utviklarane, som jo seg hør og bør på ein utviklarkonferanse. Men eg trur likevel det vert noko meir spanande i år.
For å bygge opp litt hype for meg sjølv (og andre som tilfeldigvis forvirrar seg inn på mitt mikroskopiske stykke av internett) tenkte eg eg skulle hive ut eit kjapt lite innlegg om kva eg trur me kjem til å få sjå i løpet av IO i år, med sterkt fokus på kva eg trur kjem til å verta snakka om under opnings keynoten.
Mine topp ti tankar og gjettningar om IO 2015:
1. Me får starta med det som er "sikkert", neste hovudoppdatering til Android, Android M (Muffin, Marsipan, M&M..?) kjem til å verta vist fram. Den kjem til å bygga vidare på Lollipop, med endå større fokus på Material Design, og dreg med seg forhåpningar om at Google kanskje ein gong i framtida klarer å følgje sine eigne rettningslinjer, og får til same type grensesnitt i alle sine appar. Ellers vil det ikkje verta så veldig mykje nytt trur eg, bortsett frå kanskje sterkare integrasjon med Android Auto som jo er på veg ut på denne tida.
2. Derifrå kjem me direkte over på nummer to, nettopp, Android Auto (AA).
Som kjent vart AA vist fram for fyrste gong på IO i fjor, men etter det har det vore ganske stille. Det har kome lite informasjon, og det er ikkje før no nettopp at dei fyrste bilstereoane med støtte for AA har kome ut, noko som til og med var før AA var offisielt lansert, og difor ikkje kunne brukast enno, då telefonane ikkje hadde støtte for det. (Eg ser no at appen kom ut i førre veke, så no kan dei faktisk brukast. Hurra!)
3. Masse meir Android Wear. I år trur eg det vert vist fram både nye klokker og andre duppedingsar ein kan ta på seg. Kanskje små klipsar ein kan henge i bukselinninga eller beltet, eller kanskje eit slags smykke? Uansett trur eg me kjem til å få sjå mykje til Wear på året IO. Eg kryssar fingrane for ny Moto360 og Samsung si runde klokke, men noko særleg til forhåpningar om det har eg ikkje.
4. Meir Material Design i alle Google tenester.
Alt av Google på alle platformar skal etterkvart verte materialistisk redesigna. Eg trur dette kjem til å verte vist fram meir på IO, utan at det er noko stor overasking der. Ser heller ikkje vekk ifrå at desse desigendringane vert rulla ut medan dei vert snakka om på IO, slik at me alle kan få vår dose av digitalt papir relativt kjapt etter det vert lansert.
5. Meir om Android TV. Nok ein ting som vart lansert på IO i fjor, men som har fått lite nytt rundt seg sidan den gong. Nexus Player har nyss vorte lasert i ei rekke land, og platformen kan fort få litt meir blest rundt seg i etterfølgjene av det. Håpar på det beste, og gler meg til å få sjekka det ut personleg.
6. Nye utrulege tal om kor mange Android einheiter som vert aktivert kvar dag, kor mange Android Wear klokker som har vorte solgt, kor mange appar som finst på Google Play og kor mange av dei som er Wear tilpassa, og kor mange appar som har vorte installert til dags dato.. Litt statistikk-porno må til. Er ikkje noko meir å sei om det.
7. Relansering av Android@Home.
Eg hadde ikkje vorte veldig overraska om A@H stig opp at av oska. Etter at Google har vore eigarar av Nest ei god stund, og nok har tatt med seg mange verdifulle erfaringar derifrå, ser eg ikkje vekk ifrå at A@H kan relanserast med base rundt Nest. Automatisering av heimen er ein av dei viktigaste nye frontane for teknologiutvikling, og alt skal sjølvsagt koplast saman med det ein har av telefonar, tablets og andre smartdingsar, over nett.
8. Google Glass 2.0.
Ja, eg trur faktisk me kjem til å få eit gjensyn med Google Glass i år. Det vart veldig stille etter at Explorer programmet vart lagt ned, og eg trur tida er moden for å vise fram kva [X] har jobba med utifrå all feedbacken dei har fått derifrå. Eg trur me skal rekne med å få sjå eit ganske mykje meir forbrukarvenleg design, men at dei ikkje kjem til å kome noko lanseringsvindauge. Så eg held ikkje pusten for å sjå Glass på markedet i løpet av dei neste to åra denne gongen heller.
9. Ingen nye Nexus-einheter. So yeah, inga overrasking der...
10. Eit heidundrande show om det meste me kan venta frå Google i det kommande året og litt til.
Sjølv utan fokus på forbrukarane trur eg det vert mykje "snacks" til dei av oss som er litt over snittet interesserte.
Så ja, det er mine fyrste tankar om IO i år.
Sjølv om eg i år befinn meg i Australia under IO i år, og keynoten går føre seg rundt klokka 2 lokal tid, skal ein ikkje sjå vekk ifrå at eg kanskje tek meg tid til å stå opp og sjå.
Dagen etter vert det uansett eit besøk til det lokale IO Extended eventet som føregår på universitetet mitt, og eg gler meg mykje til å sjå kva dei har å by på. Google sine studentgrupper her i Brisbane har freista med mogelegheiter for å testa ut både Google Cardboard og Google Glass, i tillegg til dei obligatoriske Google effektane (altså såkalla merch).
Eg ser verkeleg fram til IO i år!
Kva trur du, er du einig eller ueinig?
Noko eg har gløymt, ikkje tenkt på som du ynskjer å tilføya?
Eg ærklarer herved kommentarfeltet for opna!
Gaute
torsdag 1. mai 2014
Min fyrste månad med Chromebook
For omlag halvannan månad sidan mottok eg min HP Chromebook 14. Dette var fyrste gongen eg var borti ChromeOS, sjølv om eg har haldt eit auge med det heilt sidan det fyrst vart lansert og lenge vurdert å kjøpe.
Då eg relativt tilfeldig oppdaga at Multicom hadde tatt inn nokre Chromebook 14, heiv eg meg rundt og bestilte.
Det fyrste som slo meg då eg opna boksen var at maskina i seg sjølv synest er svært flott. Maskina eg kjøpte er matt kvit, men den finst og i ei rosaraud og ei turkis utgåve. Sjølve plastiken følest litt ru ut, og i mine auge føles og ser den betre ut enn andre plastikmaskiner eg tidlegare har vore borti, og i mine auge ser den ikkje spesielt billig ut (sjølv om den har ein prislapp på kun 3000 kr). Det einaste eg kan klage på på byggkvaliteten er at loket på maskina gir litt etter om den får litt trykk på seg, men etter å ikkje ha hatt "plast-laptop" på nokre år kan eg ikkje uttale meg om det er normalt med det materialet (sjølv om eg trur det er det).
For å sei det slik, dette var den raskaste og enklaste installasjonen eg har hatt med ein ny data!
Så, over til eigenskapane. Som sikkert mange veit er ChromeOS (operativsystemet på Chromebook og Chromebox) basert på same prosjekt som Chrome-nettlesaren , Chromium, og baserer seg i på at "alt" som vert gjort på PCen hender på internett. På sett og vis er ChromeOS berre ein nettlesar (sjølv om det utviklar seg heile tida, og etterkvart kan gjere ganske mykje meir enn å berre vere på nett), og dette er både Chromebook sin sterkaste eigenskap og største svakheit.
Så lenge ein er kopla til eit nettverk er dette ikkje noko problem, og eg sjølv tenkjer nesten ikkje over det i det heile. Det einaste eg har tatt meg sjølv i å sakne av og til er å ha program i eigne vindauge, men det kan sjølvsagt løysast med å dra ut faner som eigne vindauge.
Ein kan ikkje installere program på ChromeOS slik ein har for vane å gjere på andre operativsystem, men tileignar seg nye eigenskapar ved innstallasjon av utvidingar frå Chrome Webstore eller ved å berre finne nettsider med tenestene ein ynskjer. Webstore er særs oversiktleg, og det er lett å finne det ein leiter etter, anten ved direkte søk eller ved å sjå i kategoriar ein er interessert i. Eg har sjølv enno ikkje hatt noko problem med å finne ChromeOS-alternativ til tenester eg har pleid å bruke på andre operativsystem.
Det einaste problemet eg har møtt på så langt, var no i påska, då eg var utan nettilgong og ville ha ein film frå min Android-tablet (Nexus 7) over på Chromebook. Ved direkte tilkopling med leidning hendte det "ingenting", den lada, men kom ikkje opp i filhandsamaren. Sidan det var ei relativt stor fil var det heller ikkje så lett å få den overført på andre måtar heller, noko som førte til at eg etterkvart gav opp.
Bortsett frå den opplevinga, er det ei heilt fantastisk maskin. Den er ekstremt raskt klar når du skrur den på, og den gjer så godt som alt ein vanleg forbrukar treng (inkl. bilde og videoredigering via tenester på nett).
Når det gjeld det som kan gjerast utan nettilkopling så vert det og berre meir og meir. Slik det er no, kan ein skrive e-postar (etter å ha aktivert offline gmail) og dokument og om ein har mediefiler lagra på maskina kan dei spelast av i tillegg til mykje anna som eg ikkje har sett meg inn i.
Alt av offline-utvidelsar ligg i ein eigen avdeling i Chrome Webstore, så det er ikkje vanskeleg å finne ut kva ein vil ha.
For å runde av kan eg iallefall sei at eg er svært(!) nøgd med den, og gler meg til å sjå utviklinga vidare.
I tillegg kan det jo nemnast at det er mange rykter om at ChromeOS vert offisielt lansert her i landet i denne månaden, så om du, som meg, har tenkt på det ei stund, vil eg tru at tida snart er inne.
Surf on!
Gaute
Abonner på:
Innlegg (Atom)








