søndag 30. september 2012

Sackboy inntar Vita!


(Bilete henta frå http://bit.ly/UAaksT)

Det nyaste tilskotet på PSVita si spelliste er velkjende LittleBigPlanet (LBP). For dei fleste kjenner vel til denne fantastiske spelserien. Anten dei har spelt den eller ikkje, men om du har ein PS3 er det vel stort sannsyn for at du har vore borti dette underverket.

Men om du ikkje har det, så kan eg vel forklare det grunnleggjande. Du spelar som Sackboy (eller Sackgirl om du vil) ei lita strikka, sydd eller på andre måtar samansett dokke, i ei tredimensjonal 2d-verd. Ein har altså tredimensjonale figurar, som ein alltid ser frå sida, og ein kan berre bevege seg på 3 stadier innover i skjermen. Og så skal ein kome seg gjennom ulike banar på ulike måtar, helst utan å døy, og plukke med seg poengbobler, klistremerke og kostymer medan ein sjølvsagt føl ei historie. Som svært ofte handlar om å redde verda.

Og no har altså Sackboy kome seg inn på Vita og. Men denne gongen er ikkje spelet utvikla av oppfinnarane i MediaMolecule. Men derimot dei tre utviklarane Double Eleven, Tarsier Studios og Sony XDev Europe. Men ikkje ver redd for det! Dei har så absolutt gjort ein ekstremt god jobb! Nesten ein så god jobb at et vil våga meg å gå så langt som å kåra dette til det beste spelet på Vita til dags dato (vel og merka utan å ha spelt alt).

(Bilete frå http://bit.ly/SrJzJz)

Men over til spelet. Starten på LBP Vita var litt tung. Personleg var eg alt for vane med å spela LBP på storskjerm, og som oftast med ein medspelar eller tre. Det å plutseleg farte rundt som Sackboy aleine, med ein liten touchskjerm i tillegg til touchpad og gyrometer var difor særs uvant for min del. Men når eg etter litt speling var blitt vane med formatet og kontrollane viste dette underverket seg i all si prakt! For ja, det er faktisk eit underverk,

I denne utgåva held ein seg ikkje til den vanlege LittleBigPlanet, men er i staden på ein nyoppfunnen planet, Karnevalia, ein omreisande tivoliplanet som reiser rundt for å spreie glede i universet. Men det har seg slik at det ikkje lenger er nokon glede å finna her, då den grusomme Dukkemesteren har teke over heile planeten, og prøver å utrydde gleda og fantasien i verda. Dette skal sjølvsagt du, som Sackboy, ordne opp i. Og for eit eventyr det viser seg å vera. Eit svært mørkt eventyr. Utan tvil den mørkaste historia i serien, det har nesten tendensar til horror over seg. Og eg trur at det er ein del mindre born som kanskje kan verta litt skremde av litt av kvart i dette spelet.

Men størstedelen av spelet er lys og fin, og ein fartar av garde, rullande, symjande, flygande, springande, slengande og hoppande. For det meste styrer ein på same velkjende vis som i PS3 utgåvene, men med Vita sin touchskjerm og touchpad kan ein denne gongen og gripe inn i verda. Blå klossar skal trykkast og dras på, medan grøne klossar skal trykkast ut ved hjelp av touchpaden. Dette følest litt rart og uvant ut i starten, men når ein først vert vane med det fungerer det veldig bra! Sannsynlegvis dei beste bruksområdene av denne teknologien til dags dato i eit Vita-spel.

(Bilete frå http://bit.ly/StY3Ey)

No har eg ikkje noko ønske om å fortelja noko serleg om historia i spelet, for dette må opplevast! Men når dei fantastiske historiebanane tar slutt er det så absolutt ikkje over! For på Vita har ein faktisk fått full LBP pakke (i motsetning til på PSP der det berre var historiemodus) har ein her og fått skaparmodusen. Og det er her LBP verkeleg skin! Om du er kreativ og likar å skape, er dette spelet for deg!  Og med alle mogelegheitene som Vita har opnar det seg eit mangfald av nye måtar å utnytte skaparverktya på. Ein kan teikne banar rett inn ved hjelp av touchskjermen, og ein kan utnytte alt Vita har å by på.

Mangfaldet av spelmodusar og settingar er utømeleg, og det kjem berre til å auke i innhald. Folk i verda har ein heilt utruleg fantasi, og eg elskar det. Personleg har eg aldri vore ein skapar på LBP, men eg har spelt gjennom min del av andre sine skaparverk, og kjem nok til å halde fram med det.

Til slutt vil eg berre sei ein ting; Elsk på skaparverka, og elsk på LittleBigPlanet Vita!

Kos dykk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar