lørdag 6. februar 2016

Ei oppgradering på Android Wear fronten - 2. generasjons Moto 360


Som de som har lest det eg har skrive på denne bloggen før veit, så har eg hatt ei Android Wear-klokke omtrent sidan dei fyrst kom i butikkane for snart halvanna år sidan.
Då eg budde i Australia gjekk eg nemleg til innkjøp av den originale LG G Watch då den kom ut der nede, og den har vore flittig brukt opp til for eit par månader sidan, då lademekanismen ikkje lenger var påliteleg nok til dagleg bruk.

Den klokka eg originalt hadde tenkt til å kjøpe var Moto 360, den fyrste runde og då den klart finaste av smartklokkene som hadde vorte vist fram. Då den kom ut var det dog ein del ting eg og andre reagerte på, som dårleg batteritid og at den til tider reagerte treigt, mykje fordi Motorola hadde valgt å gå for ein gamal Texas Instuments-prosessor. Det vart difor ikkje noko Moto 360 på meg den gongen, sjølv om eg heldt auge med den i lange tider.

På hausten i fjor var difor gleda stor då Motorola viste fram den nye Moto 360. Riktig nok var den ikkje noko særleg til oppgradering frå dei andre klokkene på marknaden, bortsett frå at den var ein av få som var runde (og at den i min meining deler plassen om flottast design saman med Huawei Watch).

Etter å ha gått litt fram og tilbake med meg sjølv om det var naudsynt gjekk eg difor førre veke til innkjøp av ei ny 46mm  2. generasjons Moto 360.
Klokka vart bestilt hos Komplett, og dukka opp i "posten" hos meg 2 dagar seinare.
Etter å ha skudd den på, kopla til mobil, lada og oppdatert klokka var den endeleg klar til bruk.

Fyrsteinntrykket var veldig bra. Designet er nydeleg, og den ser meir eller mindre ut som ei vanleg analog klokke, med flott klokkehus i børsta stål (no med feste til reim stikkande ut på kvar side), blank kant rundt skjermen og flott reim i brunt skinn. Fleire andre har og nevt at dei trudde det var ei vanleg klokke heilt til dei oppdaga at eg "fingra med den som ein skjerm".

Når det kjem til bruk har det vore litt hikke no og då. Det fyrste eg reagerte på var at den allereie frå dag ein hadde problem med å innstallere Google Fit (som eg har valgt å bruke til skritteljing og pulsmåling). Etter restarting av både klokke og mobil og resynkronisering av appar kom den seg dog på plass til slutt og eg har ikkje hatt noko problem med den sidan.

I generell bruk har det ikkje vore noko slags problem med klokka, bortsett frå at eg av og til har måtta gå inn i Wear appen på telefonen for å kople den til på nytt (ikkje registrere) eller for app synkronisering. Den er rask og responsiv og gjer det den skal.

Batteriet klarer seg fint over ein heil dag. Eg har tatt den av ladaren kvar dag klokka seks om morgonen, og hatt den kopla til telefon og i bruk heile dagen med automatisk lysstyrke og skjermen alltid på, og har likevel hatt over 30% igjen på batteriet når eg legg meg om kvelden.
Ladaren er og veldig grei, då den kun er ein liten "stol" ein legg klokka på, og så lader klokka induktivt. Medan klokka står på lading kan ein og velgje å ha klokkeslett og batteriprosent visande på skjermen, noko eg personeleg liker veldig godt.

Sidan eg sist skreiv om Android Wear har det endra seg mykje, og det er fleire nye endringar  på veg (som t.d. støtte for høgtalar, noko denne klokka ikkje har). Men desse vil eg ikkje gå inn på her. Kanskje ein annan gong?


Alt i  alt er eg med andre ord veldig nøgd med klokka. Eg gler meg til å bruke den vidare, og til å sjå kva nytt som kjem til Android Wear, sjølv utan støtte for alt saman.
Tredje generasjon smartklokker er jo heller ikkje så langt vekke. Så det er nok mykje nytt å sjå fram til det kommande året.



lørdag 16. mai 2015

Frå Maskina

The Singularity, eller Singulariteten
Punktet i tida der menneske har prestert å skape ei maskin så intelligent at den kan skape ein betre versjon av seg sjølv. Ein evigvarande sirkel av nyskaping og forbetring av kunsteleg intelligens.

Er dette det me går mot? Kjem eg til å oppleve dette punktet i mi levetid?
Ja, nei, kanskje?

Kunsteleg intelligens er verkeleg i vinden for tida. Saman med robotutvikling, forbetring av menneske (cyborgs anyone?) og sjølvkøyrande bilar, er kunsteleg intelligens eit av dei fremste forskningsfelta innan ny teknologi. Noko som og vert attspegla i populærkulturen.
Big Hero 6; robotar med kunsteleg intelligens og følelsar.
(Beklagar evt. spoiler. PS. Eg har ikkje sett filmen sjølv)
Avengers: Age of Ultron: superintelligent menneskeskapt robot som kjem fram til den konklusjon at den lettaste måten å redde verda på er å utslette menneska.
Ex Machina: superintelligent humanoid robot.
Deus Ex: Cyborgs
til og med Call of Duty gjekk inn i framtida og forbetra menneske i Advanced Warfare.

Og sjølv omdette er tema som har gått att i populærkulturen i lange tider, ser det ut til at det er ein ny topp no, og det er nok ikkje så rart.

Desse forskningsfelta er nærare å verte realitet enn nokon gong tidlegare, naturleg nok.
Dei vert meir synlege i nyheitsbiletet, fordi dei faktisk begynner å bety noko for kva som kjem til å hende i dei neste par åra.

Det er ikkje lenger eit halvt eller eit heilt århundre til me har bilar som køyrer seg sjølv, eller til me har robotar som beveg seg rundt i samfunnet. Me er allerede på god veg dit, og eg vil tru at om rundt 20 år så er det ein klar realitet som me alle er vorte relativt vane med.
Men alt dette var ein digresjon, så tilbake til tema.

Singulariteten og kunsteleg intelligens.
Det store spørsmålet er når. Og eg trur (heldigvis burde eg kanskje seie) at det framleis er lenge til. Ikkje til me ser kunsteleg intelligens som begynner å nærme seg menneskeleg nivå, men eg har vondt for å tru at me innan relativt kort tid klarer å skape ei maskin som er så intelligent at den kan skape ei maskin som er meir intelligent. Men trur eg det kjem til å hende? Absolutt.
I mi meining er singulariteten uungåleg dersom dagens forskning held fram. Vil eg at me skal halde fram? Absolutt.

Å skape noko som er meir intelligent enn oss sjølve vil være eit så stort gjennombrot i vitskapen, og vil kunne lære oss så mykje nytt, at eg håpar dette er noko som vil hende i mi levetid.
Trur eg me kjem til å ende opp med noko som har ynskje om å utrydde menneskeheita, slik så mange før meg har profetert? Nei, det trur eg ikkje.
Kvifor skal maskiner som me sjølv har skapt ha ynskje om å utrydde oss? Kva vinn dei på det?
Nei, dei kjem ikkje til å trenge oss lengre, men dei taper heller ikkje noko på å late oss være her.
Saken er og at dei framleis er maskiner, og difor vil vera skapa som tenarar. Dei er ei maskin, og sjølv om dei kan tenkje vil dei stort sett vere til for å utføre oppgåver, for oss.
Utan oss har ikkje maskinene lengre eit mål. Utan oss vil maskinene ende opp med eit “liv” utan meining, eit “evigvarande liv” utan meining. Som intelligente “vesen” trur eg definitivt dette er noko dei kjem til å ha ynskje om å unngå.

Men om me ender opp på eit slikt stadium at maskinene kjem fram til at dei ikkje har bruk for oss lengre, trur eg heller på ei ending som i Her, enn med utrydding av menneskeheita..

Eller kva?