søndag 30. september 2012
Sackboy inntar Vita!
(Bilete henta frå http://bit.ly/UAaksT)
Det nyaste tilskotet på PSVita si spelliste er velkjende LittleBigPlanet
(LBP). For dei fleste kjenner vel til denne fantastiske spelserien. Anten dei
har spelt den eller ikkje, men om du har ein PS3 er det vel stort sannsyn for
at du har vore borti dette underverket.
Men om du ikkje har det, så kan eg vel forklare det
grunnleggjande. Du spelar som Sackboy (eller Sackgirl om du vil) ei lita
strikka, sydd eller på andre måtar samansett dokke, i ei tredimensjonal 2d-verd.
Ein har altså tredimensjonale figurar, som ein alltid ser frå sida, og ein kan
berre bevege seg på 3 stadier innover i skjermen. Og så skal ein kome seg
gjennom ulike banar på ulike måtar, helst utan å døy, og plukke med seg
poengbobler, klistremerke og kostymer medan ein sjølvsagt føl ei historie. Som svært
ofte handlar om å redde verda.
Og no har altså Sackboy kome seg inn på Vita og. Men denne
gongen er ikkje spelet utvikla av oppfinnarane i MediaMolecule. Men derimot dei
tre utviklarane Double Eleven, Tarsier Studios og Sony XDev Europe. Men ikkje
ver redd for det! Dei har så absolutt gjort ein ekstremt god jobb! Nesten ein
så god jobb at et vil våga meg å gå så langt som å kåra dette til det beste
spelet på Vita til dags dato (vel og merka utan å ha spelt alt).
(Bilete frå http://bit.ly/SrJzJz)
Men over til spelet. Starten på LBP Vita var litt tung.
Personleg var eg alt for vane med å spela LBP på storskjerm, og som oftast med
ein medspelar eller tre. Det å plutseleg farte rundt som Sackboy aleine, med ein
liten touchskjerm i tillegg til touchpad og gyrometer var difor særs uvant for min del.
Men når eg etter litt speling var blitt vane med formatet og kontrollane viste
dette underverket seg i all si prakt! For ja, det er faktisk eit underverk,
I denne utgåva held ein seg ikkje til den vanlege LittleBigPlanet,
men er i staden på ein nyoppfunnen planet, Karnevalia, ein omreisande
tivoliplanet som reiser rundt for å spreie glede i universet. Men det har seg
slik at det ikkje lenger er nokon glede å finna her, då den grusomme
Dukkemesteren har teke over heile planeten, og prøver å utrydde gleda og
fantasien i verda. Dette skal sjølvsagt du, som Sackboy, ordne opp i. Og for
eit eventyr det viser seg å vera. Eit svært mørkt eventyr. Utan tvil den
mørkaste historia i serien, det har nesten tendensar til horror over seg. Og eg
trur at det er ein del mindre born som kanskje kan verta litt skremde av litt
av kvart i dette spelet.
Men størstedelen av spelet er lys og fin, og ein fartar av
garde, rullande, symjande, flygande, springande, slengande og hoppande. For det
meste styrer ein på same velkjende vis som i PS3 utgåvene, men med Vita sin touchskjerm
og touchpad kan ein denne gongen og gripe inn i verda. Blå klossar skal
trykkast og dras på, medan grøne klossar skal trykkast ut ved hjelp av
touchpaden. Dette følest litt rart og uvant ut i starten, men når ein først
vert vane med det fungerer det veldig bra! Sannsynlegvis dei beste
bruksområdene av denne teknologien til dags dato i eit Vita-spel.
(Bilete frå http://bit.ly/StY3Ey)
No har eg ikkje noko ønske om å fortelja noko serleg om
historia i spelet, for dette må opplevast! Men når dei fantastiske
historiebanane tar slutt er det så absolutt ikkje over! For på Vita har ein
faktisk fått full LBP pakke (i motsetning til på PSP der det berre var
historiemodus) har ein her og fått skaparmodusen. Og det er her LBP verkeleg
skin! Om du er kreativ og likar å skape, er dette spelet for deg! Og med alle mogelegheitene som Vita har opnar
det seg eit mangfald av nye måtar å utnytte skaparverktya på. Ein kan teikne
banar rett inn ved hjelp av touchskjermen, og ein kan utnytte alt Vita har å by
på.
Mangfaldet av spelmodusar og settingar er utømeleg, og det
kjem berre til å auke i innhald. Folk i verda har ein heilt utruleg fantasi, og
eg elskar det. Personleg har eg aldri vore ein skapar på LBP, men eg har spelt
gjennom min del av andre sine skaparverk, og kjem nok til å halde fram med det.
Til slutt vil eg berre sei ein ting; Elsk på skaparverka, og
elsk på LittleBigPlanet Vita!
Kos dykk!
Etiketter:
håndholdt,
konsoll,
LittleBigPlanet,
spel,
VITA
mandag 17. september 2012
The VITA has landed
Ny teknologi i heimen.
"A small price for me, a giant leap for my handheld gaming experience" - fritt etter Neil Armstrong
Har endelig investert i ein PlayStation Vita! Etter langt om
lenge og lenger en langt har eg fått meg til å bruke pengar på denne
fantastiske maskina. For ja, den er faktisk ganske så fantastisk! Meir enn eg
hadde trudd eigentleg. Har haldt litt auge med det komande spelet Assassin’s
Creed III: Liberation. Og planen var eigentleg å kjøpe når dette kom ut, men no
kunne eg ikkje dy meg lengre. Om nokre dagar kjem LittleBigPlanet Vita ut, og
etter det eg har sett av trailerar, utviklardagbøker, intervju og no i det
siste anmeldelsar vert dette så absolutt eit spel å få med seg!
Men tilbake til sjølve maskina. Som du sikkert veit er den
proppa full i alt av den nyaste teknologien; touch-skjerm framme, touch-pad bak,
bevegelsessensor (sixaxis slik som i PS3 kontrollane), og to analogstikker. I
tillegg til kamera både framme og bak. Dette kan kanskje for nokon virke som
litt for mykje av det gode, men brukt riktig er det svært bra.
Eg har no hatt Vitaen i 3 dagar, og har brukt den ein del
kvar dag. Har spelt i gjennom eit stor spel (Uncharted: Golden Abyss) i tillegg
til å ha testa ein del demoar og spilt litt andre mindre spel. Og første
inntrykket er veldig bra! Sjølv om det verkar på med som at utviklarane kanskje har hatt litt for stort
ønske om å utnytte alle eigenskapane på ein gong (slik som det og var då PS3
kom ut). Fleire av bruksområdene følest dessverre litt påtvungne.
Det nye menysystemet
Men det som skuffar mest er det nye menysystemet. Det er litt merkeleg, med
sitt 3-4-3 oppsett av store bobler. Det hadde kanskje vore ein ide å tatt litt inspirasjon frå andre touch-grensesnitt og heller brukt eit meir normalt 5-5-5 oppsett av "firekanta" symbol slik som på smarttelefonar
og tablets (evt. tatt vare på den gamle CrossMediaBar). Men dette er jo uansett berre ein bagatell. Det er jo uansett ikkje i menyen
ein brukar tida si på Vita.
Vita har dessverre fått ein litt røff start på marknaden.
Men ein påstått litt for stiv pris, noko som er å overdrive. 2000 kr (no heilt
ned i 1700) er ikkje spesielt mykje for ein slik konsoll. Nintendo sin 3DS XL
kostar ca. det same, og PSP kosta 3000 då den kom ut. Og med all den krafta og
eigenskapane ein får med Vita synest eg ikkje at 2000 kr er for mykje å be om.
Det som etter alt sannsyn er har haldt tilbake majoriteten
av kjøparar er mangelen på spel. Og då spesielt på store lanseringstitlar i
tillegg til lange ventetider på mange av dei store merkevarene (som
LittleBigPlanet, Killzone. I tillegg til andre ikkje annonserte titlar som Ratchet
and Clank, God of War med meir). Men no som det begynner å komme litt i tillegg
til fleire store titlar i nær framtid, burde (og trur eg) at salet kjem til å
stige, og det er absolutt fortent! For PSVita er utan tvil den beste berbare
konsollen på marknaden i dag.
Saman med PS3 trur eg og Vita blir eit supert lag. Med
CrossPlay (same spel på PS3 og Vita på same save), og RemotePlay (denne gongen
slik at ein faktisk kan streame spel frå PS3 til Vita). Dette laget kan nok for
mange vere eit vel så godt alternativ som den komande WiiU, sidan mange allereie
har PS3 i stova og kanskje ikkje har ønske om å investere i nok ein konsoll til
å ha i heimen. Med Vita og PS3 får ein i både pose og sekk, ein får
spel-streaming og ein super berbar konsoll til dei lengre turane ute i den
verkelege verda!
Skaff deg Vita, og nyt!
Play the world!
torsdag 13. september 2012
Lawless
(Rettigheitane til biletet tilhøyrer The Weinstein Company. (Biletet henta frå http://bit.ly/Otb9qk)
Bygdemafiaen slår til!
Etter å ha sett traileren til Lawless visste eg at dette var
noko eg berre måtte få med meg! Så etter Kon-Tiki i førigårs bar det nesten
rett vidare på ovannemnte film, og for ein film!
Handlinga i filmen er lagt til alkoholforbodstida i USA,
nærare bestemt Franklin County, Virginia. Og omhandlar dei tre brørne Forrest
(Tom Hardy), Howard (Jason Clarke) og Jack (Shia LaBeouf) Bondurant. Som då
driv storskalaproduksjon og distribusjon av godt gamaldags heimebrent, eller
moonshine, som det heiter der borte i statane. Dei har til og med ordna seg
avtalar med det lokale politiet, så ikkje noko problem der.
Dette går vel og bra, heilt til storbykaren Spesialagent Charlie
Rakes (Guy Pearce) kjem til bygda. (Ja, eg veit det verkar som ei ganske
uoriginal oppskrift, men det fungerer!) Forrest Bondurant er den einaste av
heimebrennarane som ikkje vil føye seg etter ønskja til Mr.
HøgpåstråDrittsekkSpesialagent, noko som sjølvsagt skapar problem. Og her startar den
eine hovuddelen av historia i filmen, konflikten mellom Forrest og Rakes som og
går ut over resten av Bondurant-brørne og alle andre som har noko med dei å
gjere.
Den andre hovuddelen av historia handlar om Jack, yngstebroren,
den rolegare og meir omtenksame i familien. Som berre har ønske om å vere ein
av dei tøffe karane, og vise brørne sine at han og dug til noko, og kan vere
slik som dei. Så når broren Forrest blir skada tar Jack over heimebrent geskjeften,
utan løyve så klart. Og herifrå stig standarden drastisk! Frå no av er det
berre kule bilar og stilfulle klede som tel for Jack, etter inspirasjon av den
fantastisk kule mafiabossen Floyd Banner, spela av Gary Oldman. Hovudgrunnen
til Jack sitt stilskiftet er sjølvsagt ei jente, prestedottera Bertha (Mia
Wasikowska). Noko som ikkje er spesielt enkelt, som eit medlem av bygda sin «verste»
familie. Men han prøver no så godt han kan (både med og utan alkohol
innanbords).
(Bilete frå http://bit.ly/Ps3l3N)
Meir enn dette vil eg ikkje røpe om historia, men eg ynskjer
å rette ein spesiell oppmerksamheit til rolla til Tom Hardy, Forrest Bondurant.
For ei rolle! For ei tolking! Dette er utan tvil den beste karakteren i filmen.
Den litt inneslutta og særs kortfatta Forrest passar Hardy som hand i hanske.
Han er stille, gryntande og rar, og skapar så godt som alle dei humoristiske
scenane i filmen. Og dei er verkeleg bra! Dei fantastiske gryntande utsegnene
er perfekte som svar og innvending på ei rekke spørsmål og hendingar i filmen,
og for nokre scenar dei skaper. Du kan berre glede deg!
Eit klart terningkast 5.
onsdag 12. september 2012
Kon-Tiki
(Foto: Carl Christian Raabe/Nordisk Film Distribusjon. (Bilete henta frå http://www.kon-tiki.no/KTfilm_fakta_eng.php))
Kon-Tiki handlar naturleg nok om den (vil eg tru) velkjende historia om Thor Heyerdahl og kompani si ferd over Stillehavet, frå Sør-Amerika (nærare bestemt Peru) til Polynesia. Men denne gangen er det ingen dokumentar som er blitt laga, men derimot ein «fullblods actionfilm», delvis, laust basert på den originale historia. Noko som og er det filmskaparane har fått litt refs for i det siste.
Filmen startar bra, med ein god skildring av kor lite tru
det akademiske miljøet hadde i teoriane til Heyerdahl. Etter ein del styr med å
skaffe pengar, noko han ikkje får til, går han rett og slett i gong med å
skaffe mannskap og bygge flåte. Og set etterkvart ut på ferda. Noko som heller ikkje
viser seg å gå som planlagt.
Den drastisk endra Watzinger (Anders Baasmo Christiansen)
skapar problem om bord, både mellom manskapet, og med eit svært unødvendig
angrep på ein veldig stor og rask (men godt animert) kvalhai. Denne og fleire
scenar gjorde berre at eg sat igjen og lurte på om Watzinger verkeleg var slik,
hadde han så lite tru på dette prosjektet (noko som verkar lite truleg).
(Foto: Carl Christian Raabe/Nordisk Film Distribusjon (bilete henta frå http://bit.ly/RN3q6S))
I tillegg må eg nemne den litt overdrivne bruken av svært
store kvithaiar. Var dette den einaste arten dei møtte på, var dei verkeleg så
store? Og ikkje minst, vart dei lokka til flåten av eit brutalt hai-mord om
bord? Nei, ikkje veit eg, men spanande var det. Sjølv om dei kanskje kunne ha
halvvert talet på hai utan å minske spenninga nemneverdig.
No virka eg kanskje litt negativ, men det er ikkje heilt
meininga. Alt i alt er det jo ein ganske bra film. Den er jo underhaldande, og
det er jo faktisk det som er meininga. Så den er så absolutt vert å sjå. Berre
hugs på at det ikkje er ein dokumentar du sit og ser!
Første ordentlege blogginnlegg skal no avsluttast, og første
film ut vert rulla inn på bloggen med eit terningkast 4. Takk for denne gong!
PS. Kjære filmskaparar, ikkje lag scenar som virkar som om dei er
avslutningsscene når dei faktisk ikkje er det! (Om du ikkje har sett filmen
trur eg nok du forstår kva for ein scene eg siktar til når du gjer det. Og har
du sett den, så håpar eg at du skjøner kva scene eg meiner)
Today's the day
Då var altså dagen komen, og eg har krøpe til korset og laga meg ein blogg.
Det heile starta med ein ide eg fekk då eg var på kino i går. Kva med å laga ein filmblogg? Ja, det finst tusenvis av dei der ute. Men det gjer jo ikkje noko å prøve. No har eg riktig nok endra konseptet litt, og gjort det om til ein blogg om litt fleire ting enn berre film, nemlig popkultur. Eller i all hovudsak, film, spel og tv-seriar. Og kanskje litt teknologiprat av og til.
Skal etter planen prøve å skrive noko kvar gong eg ser ein ny film, ny tv-serie (eller ny sesong av ein tv-serie), speler eit nytt spel eller går til anskaffelse av ei teknologisk nyvinning.
Så då får me sjå korleis det går ;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)